Bilete frå Granvin

Fotograf: Leif Kåre Havås
Granvin
Leif Kåre Havås

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kva skjer i Granvin?
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Kommunale retningsliner for motorferdsle i utmark og vassdrag

(Vedteke i Granvin heradsstyre 19.12.96)

MOTORKØYRETØY
Barmark: Det vert normalt ikkje gjeve dispensasjon til køyring/transport på barmark. Snøføre: Dispensasjon vert gjeve etter søknad. Søknadane vert vurdert i kvart enkelt tilfelle. Det vert gjeve dispensasjon til ervervsmessig køyring etter §5a i Nasjonale føresegner. Det vert gjeve slikt tal dispensasjonar i kvart av områda: 1. Lussand – 1 2. Folkedal – 1 3. Ystås/Medås/Havås – 2 4. Nesheim/Haugen/Såkvitne – 1 5. Kolskår/Skår/Skaftedal – 2 6. Spildo/Seim – 1 7. Hausgardane – 3 8. Tveito/Kjerland – 2 Ved vurdering av søknad om dispensasjon til ervervsmessig køyring skal det leggjast vekt på kva for næringsmessig grunnlag dette har for søkjar. Fastbuande innanfor vedkomande område som allereie har snøscooter i anna næring skal verta prioriterte. Dispensasjonane vert gjeve for 2 år om gongen. Er heradet nøgde med dei som har hatt dispensasjon tidlegare år, skal desse prioriterast ved ny tildeling Innehavar av dispensasjon til ervervsmessig køyring skal, så langt råd er, ta på seg transportoppdrag for andre til dei føremål som er nemnt i Nasjonale føresegner §5a. Innehavar har og høve til å ta på seg oppdrag til transport som er heimla direkte i lov eller føresegn. For dispensasjon til ervervsmessig køyring er det mogleg å ha inntil 2 reservesjåførar. Desse må namngjevast i søknaden. Det er ikkje høve til at 2 stk køyrer samstundes på kvar sin scooter. I områda der ervervsmessig transport eksisterer vert det ikkje gjeve dispensasjon til andre søkjarar. Desse søkjarane vert vist til den som driv ervervsmessig køyring i det aktuelle området.

MOTORFARTØY
Bruk av alle andre motorfartøy enn båt med påhengsmotor er forbode. Det vert ikkje gjeve dispensasjon til bruk av motorfartøy på vatn/vassdrag mindre enn 2 km2. På vatn/vassdrag større enn 2 km2 er største tillete motor 7 hk.

LUFTFARTØY 
Det vert generelt ikkje gjeve dispensasjon til bruk av luftfartøy, men søknadar vert vurdert der særlege høve føreligg.

SNØSCOOTERKØYRING
Etter søknad kan heradet gje løyve til organisert isbanekøyring på ein avgrensa del av Granvinsvatnet.

HANDSAMING AV DISPENSASJONSSØKNADAR
Etter skriftleg søknad om dispensasjon vert søknadane vurdert i kvart enkelt tilfelle. Handsaming av søknadar om dispensasjon kan ta lang tid. Kommunen skal syte for at saka vert tilstrekkeleg opplyst, og om nødvendig må berørte organ gje uttale. For søknadar om dispensasjon til ervervsmessig køyring vert det sett ein søknadsfrist som vert kunngjort i lokal avis. Det er mogleg å gje dispensasjon til å overføre eit løyve til eit anna område. Det er formannskapet som miljøutval som gjer vedtak.

HØVE TIL Å KLAGA PÅ KOMMUNALT VEDTAK
Det er høve til å klaga kommunalt vedtak inn for fylkesmannen, både av søkjar og annan med rettsleg klageinteresse. Grunngjevingsplikt, klagefrist og øvrige reglar om klage i forvaltningslova vert nytta.

GRUNNEIGAR/BRUKAR OG TILHØVE TIL LOV/FØRESEGN
Forbod mot motorferdsle gjeld og grunneigar/brukar med mindre det er nødvendig transport i jordbruks-, skogbruks- eller reindriftsnæring. Grunneigar eller brukar sin adgang til å forby eller avgrense motorferdsle på eigen eigedom vert ikkje hindra av lov eller føresegner.

Sist endra 29.01.2014
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim
Webmail for tilsette

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

 

Levert av ACOS AS