Publisert 24.06.2019
val.jpg

Valstyret har godkjend vallister frå 9 parti til kommunestyrevalet. Du kan sjå listene på vossherad.no

Publisert 24.06.2019
Lite Hardanger logo

Set av onsdag 13. og torsdag 14. november 2019 for lunsj-til-lunsj konferanse på hotel Ullensvang, Lofthus i Ullensvang herad. 

Meir om konferansen (PDF, 943 kB) 

Publisert 20.06.2019

Du kan søka om opphald i Hardanger sin kunstnarbustad i Berlin dersom du er profesjonell kunstnar og produsent i, - eller med tilknyting til Hardanger innanfor alle fagfelt. 

Søknadsfrist for studieopphald i kunstnarhusværet Hardanger - Berlin 2020 er 20.august 2019.

Meir om Hardanger-Berlin.

 

Publisert 17.06.2019

Det er mange av dykk som spør etter tilgang på meirope om dagane.

Me legg om IT-systema våre i samband med samanslånga med Voss bibliotek. Det er ein del datatetekniske utfordringar med Voss IT og leverandøren i omlegginga.

Me vonar det kjem på plass om ikkje alt for lenge. Hugs at alle kan låne nøkkel på tenestetorget i opningstida når de ynskjer tilgang.

Me må berre beklaga dette på det sterkaste.

Publisert 14.06.2019
Kommunevåpen

 Me er kontakta angåande skabbrev observert i Granvin.

Viser til Miljødirektoratet sine heimesider der det står at sjukt eller skada småvilt (unnateke rovfugl) kan avlivast av kven som helst forutsett at det kan gjerast på ein human måte.

Dersom du mistenkjer at husdyret/kjæledyret ditt har vore i kontakt med skabbrev, ta kontakt med dyrlege.

Om du ser ein skabbrev rår me deg til å snarast ta kontakt med ein jeger som kan avliva den, eller ta kontakt med viltansvarleg Thomas Sjøflot på tlf. 40403873.

Første Førre | Neste Siste