Publisert 20.04.2017
Kommunevåpen

 Ein har no starta opp att arbeidet med utbetring av Skårsvegen som vil medføre att vegen vert stengd på dagtid slik:

Vegen frå Brekke til Skaftedalssvingen.
Måndag til Fredag stengd frå kl. 0700. – kl. 15.30

Spørsmål kring stenginga kan rettast til : Granvin Maskinstasjon 918 96 775
Granvin herad 404 03 869

Publisert 05.12.2016
granvin.jpg

Etter at prosessen med å etablera ny kommune i indre Hardanger no er avslutta, vender Granvin seg til Voss slik heradsstyret har vedteke. Målet er at desse to vert ein​ kommune frå 01.01.2020.

Ei kommunesamanslåing er eit omfattande arbeid, og me er så smått i gang saman med Voss å leggja ein plan for arbeidet. Det vil etter kvart bli lagt ut informasjon frå prosessen på heimesida.

Har du spørsmål el innspel til samanslåingsprosessen kan du nytta dette skjemaet.

 

Helsing ordføraren

Publisert 29.08.2016
Kattungar på arbeidsstova.jpg


Ein dag fekk gjengen på arbeidsstova besøk av desse tre skjønne kattungane, med fylgje av eigar. Det gjorde stor suksess! Dersom andre har kjæledyr som eignar seg for besøk på arbeidsstova, er dei hjarteleg velkomne til å ta turen innom tysdagar eller torsdagar ca. kl. 11.00 (i kantina i Mælandshagen).

Publisert 08.04.2015
Støttekontakt.png



Er du mellom 18 og 100 år og vil vere med å gjera ein skilnad ilag med andre menneske?
- VERT STØTTEKONTAKT!

Første Førre | Neste Siste