Publisert 15.08.2017
Vegarbeid

Arbeidet med utbetring av den kommunale vegen til Skår med sidevegar vil no ta til att etter ferien den 16.08.  
Vegen vil verta stengd under anleggsarbeidet slik:

Man – fre  kl.07.00 – 11.30 og kl.12.00 – kl.15.30

Publisert 10.08.2017
Kommunevåpen

Frå og med måndag 14. august vert legetenesta i Granvin dekka av lege frå Voss.

Publisert 07.07.2017
Siri og Kjetil

 Onsdag var det god aktivitet på yrkesskulebygget, i ungdomsklubben sine nye lokale. Her er litt bilete frå dagen. Neste økt vert tysdag 10-15, hiv deg gjerne med! Ta kontakt med Siri på tlf 40403861 dersom det er noko du ynskjer bidra med.

Publisert 04.07.2017
Kommunevåpen

Ungdomsklubben UFU skal flytte frå lokala på Eide, til 2. etasje i yrkesskulebygget. Før det kan skje er det mykje arbeid som må gjerast, og ungdomsarbeidarane Siri og Kjetil er takksame for alle som kan bidra med stort og smått. Klikk les meir for å sjå kva dei kan trenge hjlep med. Følg og med på facebook-sida UFU- treng hjelp for å sjå meir informasjon!

Publisert 28.06.2017
fylkeskommunen.jpg

 Hordaland i tal kjem to gonger i året i samband med fylkestinget. Om våren er tema folketal og demografi, om hausten er tema næring, innovasjon og utdanning. Les nyhendebrevet her (PDF, 304 kB), og Hordaland i tal nr 1-2017 her (PDF, 2 MB).

Første Førre | Neste Siste