Publisert 04.07.2019

 Ynskjer du å sjå kva som rørde seg under kongebesøkt 19. juni i Granvin kan du gå inn på Folk og fjordar. Under kan du sjå biletdryss frå dagen. 

Publisert 04.07.2019
Kommunevåpen

Legekontoret vil på grunn av ferieavvikling vera steng frå og med 26.06.19 til 26.07.19.

Telefonen til legekontoret vil bli besvart av Voss kommunelegekontor.

For øyeblikkeleg hjelp i opningstida kl. 08.30 - 16.00, mandag til fredag, ring Voss kommunelegekontor sin telefon for akuttilfelle tlf 95262070.


Utanom opningstid når du legevakta på tlf. 116 117.

Publisert 02.07.2019
Kommunevåpen

Det vert ikkje lenger høve til å parkere ved heradshuset eller legekontoret. Besøkjande må finne anna parkering, td. ved Coop, stasjonsområdet eller på nedsida av sjukeheimen. Drosje og ambulanse har høve til å setje av/ta på pasientar ved legekontoret. Parkeringsplassane ved Nimælingen er atterhaldt bebuarane der.

Publisert 01.07.2019
Storfe_003_E30_Flagg_jpg.jpg (1000x750).jpg

 Viss du finn eit sjukt/skadd eller daudt husdyr bør eigaren varslas snarast. Dei fleste husdyr av småfe og storfe har øyremerker med eit nummer. Dei er merka med bokstavane MT-NO og eit nummer på framsida. På baksida av øyremerket finn du ofte namnet og nummeret til eigaren.

Publisert 01.07.2019
aleksander.jpg

Alexander slo ut alle og vann Hardingfele klasse A og kongepokalen på Landskappleiken i helga.

Gratulerar frå Granvin herad!

Første Førre | Neste Siste