Publisert 05.12.2016
granvin.jpg

Etter at prosessen med å etablera ny kommune i indre Hardanger no er avslutta, vender Granvin seg til Voss slik heradsstyret har vedteke. Målet er at desse to vert ein​ kommune frå 01.01.2020.

Ei kommunesamanslåing er eit omfattande arbeid, og me er så smått i gang saman med Voss å leggja ein plan for arbeidet. Det vil etter kvart bli lagt ut informasjon frå prosessen på heimesida.

Har du spørsmål el innspel til samanslåingsprosessen kan du nytta dette skjemaet.

 

Helsing ordføraren

Publisert 20.09.2016
Kommunevåpen

15 byggjeklare og prisvenlege bustadtomter i nytt bustadfelt i Granvin. Barnevenleg. Fin utsikt og gode soltilhøve.

Publisert 29.08.2016
Kattungar på arbeidsstova.jpg


Ein dag fekk gjengen på arbeidsstova besøk av desse tre skjønne kattungane, med fylgje av eigar. Det gjorde stor suksess! Dersom andre har kjæledyr som eignar seg for besøk på arbeidsstova, er dei hjarteleg velkomne til å ta turen innom tysdagar eller torsdagar ca. kl. 11.00 (i kantina i Mælandshagen).

Publisert 08.04.2015
Støttekontakt.png



Er du mellom 18 og 100 år og vil vere med å gjera ein skilnad ilag med andre menneske?
- VERT STØTTEKONTAKT!

Første Førre | Neste Siste