Publisert 15.05.2017
Bygdebøker

 Granvin herad har eit stort antal med bøker som vert gjeven vekk, så lenge lageret rekk, mot at du hentar dei på tenestetorget, eller betalar porto og emballasje (kr 200,-). Det er 3 bind, bind 1 og 2 er Bygdesoga for Granvin, Ulvik og Eidfjord, skreve av Olav Kolltveit. Bind 3 er Bygdebok for Granvin, skreve av Henrik M. Kvalem. Ta kontakt med tenestetorget på epost postmottak@granvin.kommune.no for å avtale levering.

Publisert 20.04.2017
Piggtråd.jpg

«Etter Lov om dyrevelferd § 15 er det forbod mot å bruka piggtråd på gjerde for å regulera dyrs ferdsle. Landbrukskontoret oppmodar til å melda ifrå om gjerder med piggtråd, slik at me kan få dei vekk frå utmarka vår.

Ta kontakt med landbrukssjef Thomas Sjøflot på telefon: 40403873 eller på e-post: thomas.sjoflot@granvin.kommune.no.

Publisert 20.04.2017
hund_i_band.jpg

 Frå 1. april er det bandtvang for alle hundar over heile landet: hunden.no Les heile hundeloven her: Lov om hundehold

Publisert 20.04.2017
Kommunevåpen

 Ein har no starta opp att arbeidet med utbetring av Skårsvegen som vil medføre att vegen vert stengd på dagtid slik:

Vegen frå Brekke til Skaftedalssvingen.
Måndag til Fredag stengd frå kl. 0700. – kl. 15.30

Spørsmål kring stenginga kan rettast til : Granvin Maskinstasjon 918 96 775
Granvin herad 404 03 869

Publisert 05.12.2016
granvin.jpg

Etter at prosessen med å etablera ny kommune i indre Hardanger no er avslutta, vender Granvin seg til Voss slik heradsstyret har vedteke. Målet er at desse to vert ein​ kommune frå 01.01.2020.

Ei kommunesamanslåing er eit omfattande arbeid, og me er så smått i gang saman med Voss å leggja ein plan for arbeidet. Det vil etter kvart bli lagt ut informasjon frå prosessen på heimesida.

Har du spørsmål el innspel til samanslåingsprosessen kan du nytta dette skjemaet.

 

Helsing ordføraren

Første Førre | Neste Siste