Publisert 18.10.2017
Hardingfele

22. september var det kunstnerisk møte mellom Japan og Granvin. Det vart ei stormønstring i ungdomshuset denne kvelden med hardingfelekonsert og utstilling av hardingfeler, med mellom andre hardingfeleutøvar Emy Sakai og hardingfelemakar Keisuke Hara frå Japan. Originalartikkelen er skriven av freelancejournalisten Asaki Abumi som var tilstades på pressekonferansen og resten av arrangementet den 22. september. Artikkelen vart publisert på Yahoo! News Japan 5.oktober.  Yahoo! News Japan er den mest leste nettstaden for nyhende i Japan.

På linken kan du sjå ei omsetting av reportasjen: To uvanlige japanere som knytter Japan og Norge sammen med folkeinstrument (PDF, 2 MB)

For dei som er gode i japansk ligg den opprinnelege artikkelen her: https://news.yahoo.co.jp/byline/abumiasaki/20171005-00076552/

Publisert 16.10.2017
Granvin-Voss

Her kan du lese litt om kva som skjer i samband med kommunesamanslåinga med Voss: Nyheitsbrev (PDF, 289 kB)

Publisert 21.09.2017
Opning av Jobergtunellen 9

15. september opna endeleg Jobergtunellen i Granvin Her kan du sjå bilete frå opninga. Det vert ei skikkelig feiring når heile anlegget står ferdig i november.

Publisert 21.09.2017
Ingebjørgnuten i solnedgang

Riksarkivaren har rangert kulturminnearbeidet i alle norske kommunar, og Granvin fekk toppscore saman med 17 andre kommunar! Eit av måla med rangeringa er å motivera kommunar til å ta større ansvar for forvaltning av kulturminner. 
Pressemelding frå Riksantikvaren 
Liste over alle kommunane (PDF, 246 kB)

Publisert 13.09.2017
20170913_095935.jpg

Det er funnen ein gullring ved inngangen til Mælandshagen. Saknar du din? Ta kontakt med tenestetorget om du trur det kan vera din ring.

Første Førre | Neste Siste