Publisert 07.12.2017
.

Dette er eit kurs for hovedsakleg kreftpasientar og deira pårørande, etterlatne. Les meir om kurset og datoane her: Livslyst (PDF, 428 kB)

Publisert 05.12.2017
Kommunevåpen

Granvin herad ynskjer pris på brøyting av 1 rode (rode II - Kommunale vegar i to bustadfelt på Røynstrand, kommunal veg over Kjerland, kommunal veg til Tveito) 2018-2019: Anbodsdokument (PDF, 120 kB)

Tilbod skal leverast i lukka konvolutt merka "Tilbod brøyting" innan 21.12.17 kl 15.

Publisert 30.11.2017
røykvarsler

 I desember i fjor døydde det åtte nordmenn i brann. Det vil seie at det omkom ein person kvar fjerde dag. Bruk røykvarslardagen 1. desember til å bytte batteri og teste røykvarslarane dine: Røykvarslarar reddar liv (PDF, 457 kB)

Publisert 29.11.2017
Arild Steine

Fellesnemnda gjennomførte tysdag 28. november finalerunde med aktuelle kandidatar til jobben som prosjektleiar/rådmann for Voss herad. Prosessen enda med at nemnda innstilte Arild M. Steine til jobben. 

Arild er i dag tilsett som rådmann i nabokommunen vår Kvam, ei rolle han har hatt sidan 2011. Han har solid kommunal erfaring, han kan dokumentera resultat og er klar for å byggja den nye kommunen Voss herad. For fellesnemnda har det vore viktig å finna ein kandidat som kan vera samarbeidsorientert, løysingsfokusert og samlande, og meiner at Arild M. Steine har alle desse kvalitetane.

Steine har takka ja til stillinga. Me gratulerer og ønskjer Arild velkomen til oss!

Publisert 24.11.2017
Kommunevåpen

Vegarbeidet på Skåravegen er no avslutta for vinteren, slik at det fri ferdsel.

Første Førre | Neste Siste