Publisert 15.08.2017
Vegarbeid

Arbeidet med utbetring av den kommunale vegen til Skår med sidevegar vil no ta til att etter ferien den 16.08.  
Vegen vil verta stengd under anleggsarbeidet slik:

Man – fre  kl.07.00 – 11.30 og kl.12.00 – kl.15.30

Publisert 10.08.2017
Kommunevåpen

Frå og med måndag 14. august vert legetenesta i Granvin dekka av lege frå Voss.

Publisert 09.08.2017
Granvin b- og u.skule

 Det er no høve for å tinga rom/gymsal ved Granvin barne- og ungdomsskule for aktivitetar (kulturaktivitetar, skuleaktivitetar og faste aktivitetar) i skuleåret 2017/2018. Send inn ein søknad frå kvart lag til skulen der de set opp informasjon som synt her: Til lag og organisasjonar i Granvin (PDF, 418 kB) For lag og organisasjonar i Granvin er det gratis å leige rom når aktiviteten er gratis for deltakarane, medan vedtekne betalingssatsar gjeld for private personar/kommersielle aktørar. Her er utleigereglementet. (PDF, 271 kB)

Publisert 07.07.2017
Siri og Kjetil

 Onsdag var det god aktivitet på yrkesskulebygget, i ungdomsklubben sine nye lokale. Her er litt bilete frå dagen. Neste økt vert tysdag 10-15, hiv deg gjerne med! Ta kontakt med Siri på tlf 40403861 dersom det er noko du ynskjer bidra med.

Publisert 04.07.2017
Kommunevåpen

Ungdomsklubben UFU skal flytte frå lokala på Eide, til 2. etasje i yrkesskulebygget. Før det kan skje er det mykje arbeid som må gjerast, og ungdomsarbeidarane Siri og Kjetil er takksame for alle som kan bidra med stort og smått. Klikk les meir for å sjå kva dei kan trenge hjlep med. Følg og med på facebook-sida UFU- treng hjelp for å sjå meir informasjon!

Første Førre | Neste Siste