VELKOMEN TIL HELSESTASJONEN I GRANVIN

Helsestasjonen har kontor i helsesenteret i Granvin.
Tysdagar og fredagar er helsestasjonen open.
Helsestasjonen sitt arbeid er av førebyggjande art. Me jobbar med å fremje barnet si helse slik at barn veks opp med best mogeleg helsetilstand både fysisk og psykisk. Tenesta er for barn og unge i alderen 0-20 år.
Dei førebyggjande tenestene omfattar svangerskapsomsorg og helsestasjon for barn 0-5 år, skulehelsetjeneste, helsestasjon for ungdom, barnevaksinasjonsprogram og reisevaksinasjon. Sjå vedlegg lenger ned på sida for meir utfyllande informasjon om dei ulike tenestene.

Margit Holven frå Voss Sjukehus, Helse Bergen er tilsett som jordmor.

Ring legekontoret for tinging av time.

Vel møtt!

Sist endra 13.11.2017