Ordføraren

Ordførar Ingebjørg Winjum - Klikk for stort bilete

 

Ordførar i Granvin Herad er Ingebjørg Winjum frå Venstre. Ho har hatt ordførarvervet frå hausten 2011, og er no vald for perioden 2015 - 2019.

 

 

 

 
 

Oppgåver for ordføraren

Ordføraren leier møta i heradsstyre og formannskap, og er oftast den som representerer kommunen i offentleg samanheng. Ordføraren er kommunen sin rettslege representant.

Ordføraren kan ikkje åleine ta avgjerder for kommunen. Unntaket kan vera mindre saker av ikkje-prinsipiell karakter, dersom heradsstyret har gjeve mynde til det. Ordføraren har møte- og talerett i alle kommunale organ.

Kontakt med ordføraren

For at eg skal kunna utføra ordførarvervet på best mogeleg måte, har eg trong for å ha kontakt med innbyggjarar, bedrifter, lag/organinsasjonar, o.a., og eg oppmodar difor om å ta kontakt om stort eller smått.

Eg er å treffa på heradshuset. Det kan vera greitt å avtala på førehand så det er sikkert at eg er tilstades.

Sjå ordføraren sin vekeplan her.

Ordføraren sin blogg.

Du kan og kontakta meg slik:

Telefon: 56 52 40 10

Mob: 40 40 38 63

E-post: ingebjorg.winjum@granvin.kommune.no

Besøksadresse:
Hardangervegen 2581

Postadresse:

Granvin Herad, v/ordførar

Postboks 13,

5733 Granvin

Ver merksam på at e-post og annan post vil bli handsama i samsvar med "Lov om offentlighet i forvaltninga". Då må du rekna med at innhaldet i meldinga di kan bli offentleg tilgjengeleg.

Du kan ta kontakt på telefon eller koma innom dersom du har meldingar/tema du ikkje ynskjer skal bli ålment kjende.

Sist endra 22.10.2015