Bilete frå Granvin

Fjellbjørk
Fjellbjørk

Har du ei sak til handsaming?

Skriv inn namnet ditt her og trykk på Søk.
Kommunekart for Granvin

Søk

Snarvegar

  • Utskriftsvenleg versjon SkilleTegn
  • Søk SkilleTegn
  • Tips ein venn SkilleTegn
  • Kontakt oss SkilleTegn
  • Legg til favoritter

Kontrast

(KontrastToggle)

Andre

Turistinfo

Turist 4 Informasjon på norskWelcome to GranvinWillkommen zu Granvin
   

Velkommen til trebygda Granvin!

Om Granvin herad

Granvin er ein av Hardangerkommunane, har ca 930 innbyggjarar og ei flatevidd på 212 km2. Kommunesenteret ligg inst i Granvinsfjorden, og er sentralt plassert med gode kommunikasjonar i alle retningar.

Reisetider med bil:
25 min til Voss, næraste regionsenter
2 timar til Bergen

Næringsliv
Granvin har tradisjonar med tømmer og trevirke som råstoff, og med sagbruksverksemd langt attende i tid. Det er omfattande kompetanse på dette i bygda. I dag er Moelven Granvin Bruk, sentralsagbruket på Vestlandet, den største private arbeidsplassen. Her er snikkarverksemder og skogsentreprenørverksemd, og her er mykje praktisk kunnskap om gamal byggjeskikk og restaurering av bygningar.Tre er det einaste fornybare byggjemateriale, og er såleis byggjematerialet for framtida.

Primærnæringane er framleis viktige Granvin, nokon også med foredling av eigne råvarer. I tillegg har bygda små og mellomstore verksemder innan tradisjonelle handverk som murar, røyrleggjar, mekanisk verksemd m.m. Dei fleste arbeidsplassane finst innanfor kommunal verksemd.

Kultur og friluftsliv
Naturen i Granvin ligg godt til rette for friluftsliv sommar og vinter både på fjellet og ved/i fjorden. I sentrum har me eit "nett" av lette turvegar som passar for både turgåing og sykling, og ønskjer du lengre turar er det merka turstiar i fjellområda våre. Haugseåsen har skiløyper og alpinbakke, og badestrand ligg lett tilgjengeleg i sentrum av bygda. Det finst eit stort tal lag og organisasjonar med til ulike aktivitetar, som legg til rette for trivsel og livskvalitet.

Granvin har eit aktivt folkemusikkmiljø også med fleire yngre utøvarar. Fleire kjende felespelarar har sitt opphav her. Bygda vart i tidlegare tider kalla "spelarhola", og det er ikkje tilfeldig at kommunen har hardingfela som kommunevåpen.

Kontaktperson
Kontaktperson
NamnTlfE-post
Olav Seim40 40 38 60olav.seim@granvin.kommune.no
Ingebjørg Winjum 40 40 38 63ingebjorg.winjum@granvin.kommune.no
Sist endra 29.06.2017
   

Kontaktinformasjon

Granvin herad
Hardangervegen 2581 Postboks 13
5733 Granvin
E-post : postmottak@granvin.kommune.no
Telefon
: 56 52 40 00

Mobil
: 40 40 38 70
Org.nr.
: 844162502
Kontonr.
: 65010567305
Kommunenr.
: 1234
Opningstid
: Man-tors 0900-1400

Skriftstorleik

Normal skriftstorleik Større skriftstorleik Størst skriftstorleik

Søk i nettside

Nye Voss
Portal for tilsette ved Granvin sjukeheim

:: I N T R A N E T T ::

checked.png


Aviksskjema


PÅLOGGING FOR TILSETTE

intranett

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PÅLOGGING Ressursstyring Web

Gå til ekstern pålogging

Klikk her for intern pålogging
(når du er på kommunenettet)

PPS

https://www.ppsnett.no/pps/prosedyrer/prosedyre?emne=67847

Levert av ACOS AS