Velkommen til trebygda Granvin!

Granvin har tradisjonar med tømmer og trevirke som råstoff og med sagbruksverksemd langt attende i tid. Det er omfattande kompetanse på dette i bygda. I dag er Moelven Granvin Bruk, sentralsagbruket på Vestlandet, den største private arbeidsplassen. Me har byggmeisterverksemder og skogsentreprenørverksemd. Her finst også mykje praktisk kunnskap om gamal byggjeskikk og restaurering av bygningar.
Tre er det einaste fornybare byggjematerialet som finst, og er såleis byggjematerialet for framtida.

Om Granvin herad
Granvin er ein av Hardangerkommunane, har ca 930 innbyggjarar og ei flatevidd på 212 km2. Kommunesenteret ligg inst i Granvinsfjorden, og er sentralt plassert med gode kommunikasjonar i alle retningar.
Reisetider med bil:
25 min til Voss, næraste regionsenter
2 timar til Bergen

Næringsliv
Primærnæringane er framleis viktige Granvin, no også med ulike typar småskalaproduksjon.  I tillegg har bygda små og mellomstore verksemder innan tradisjonelle handverk som murar, røyrleggjar, mekanisk verksemd m.m. Dei fleste arbeidsplassane finst innanfor kommunal verksemd.

Kultur og friluftsliv
Naturen i Granvin ligg godt til rette for friluftsliv sommar og vinter både på fjellet og ved/i fjorden. I Haugseåsen har vi alpinbakke og skiløyper, badestrand ligg lett tilgjengeleg i sentrum av bygda, og her er gode tilhøve for sykling. Det finst eit stort tal lag og organisasjonar som gjev høve til ulike aktivitetar, og som legg til rette for trivsel og livskvalitet.

Kontaktperson
Kontaktperson
NamnTlfE-post
Olav Seim40 40 38 60olav.seim@granvin.kommune.no
Ingebjørg Winjum 40 40 38 63ingebjorg.winjum@granvin.kommune.no
Sist endra 01.02.2017