Godkjent plan: detaljreguleringsplan for Småbåthamn Nedre Røynstrand, PlanID 12342012001

Kommunevåpen - Klikk for stort bileteKommunevåpen  Godkjent plan - Detaljreguleringsplan for Småbåthamn Nedre Røynstrand

I møte i Granvin heradsstyre 12.02.14 vart det gjort følgjande vedtak;

I medhald av plan- og bygningslova § 12-12 godkjenner Granvin heradsstyre Detaljreguleringsplan for Småbåthamn Nedre Røynstrand, PlanID 12342012001, plandokument dagsett 05.12.13, med følgjande tilleggspunkt: 

-          Før tiltaket kan setjast i gang skal Granvin herad utgreie tilhøve for tilkomst på kommunal veg og føreslå avbøtande tiltak som følgje av auke i trafikk.

-          Eventuelle gjesteplassar skal koordinerast med gjesteplassar i tilknyting til Stasjonsområdet i samråd med Granvin herad. 

 

Heradstyret sitt vedtak om reguleringsplan kan påklagast til Fylkesmannen jfr. § 12-12 og § 1-9 i plan- og bygningslova og kap. VI i forvaltningslova. Klagefristen er 3 veker frå denne kunngjeringa og skal sendast via Granvin herad. Ein viser og til vilkåra i §§ 15-2 og 15-3 i plan- og bygningslova som omhandlar krav om innløysing og erstatning for tap ved reguleringsplan.

Plankart, føresegner, planomtale og ROS-analyse ligg tilgjengeleg på Granvin herad si heimeside www.granvin.kommune.no under planar – planar under arbeid. 

 

Publisert av Ebbe D. Meinild. Sist endra 13.02.2014