Ny kommunestruktur

Granvin herad og Voss kommune har vedtatt å slå seg saman frå 1.1.2020.

Samanslåinga byggjer på vedtatt intensjonsavtale. Målet for samanslåinga er å byggje ein ny levedyktig kommune i indre Hordaland som skal

  • Levera gode og likeverdige tenester i heile den nye kommunen.
  • Ha evne til å ta på seg større oppgåver.
  • Vera ein berekraftig og økonomisk solid kommune.
  • Skapa vekstkraft i eit variert næringsliv i heile den nye kommunen.
  • Den nye kommunen skal arbeide for å halde oppe og styrka etablerte offentlege og private verksemder og vera ein attraktiv kommune for lokalisering av bedrifter og institusjonar.
  • Styrka posisjonen som ein av dei mest attraktive idretts- og kulturkommunane i landet. Sikra eit sterkt lokaldemokrati.

Arbeidet fram mot samanslåinga vil vere omfattande og krevjande både for det politiske miljøet, administrasjonen og innbyggjarane, men begge kommunane er innstilte på å gå inn i prosessen med respekt og likeverd.

Kommunane er innstilt på opne prosessar og vil informera fortløpande. 

Les meir om ny kommunestruktur her: 
​http://www.voss.kommune.no/ny-kommunestruktur/

Publisert av Kjartan Haugen. Sist endra 22.12.2016