Stortingsvalet 2017

val.jpg - Klikk for stort bilete

Stortings­ og sametingsvalet skal haldast mandag 11. september. Enkelte kommunar har og val søndag 10. september.

Alle som vert 18 år i 2017, og er norske statsborgera kan røyste ved stortingsvalet.

Det er ein føresetnad at du står oppførd i manntalet. Du står i manntalet i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2017 

Tidlegstemming frå 1. juli

Har du ikkje høve til å røyste innanfor den ordinære perioden for førehandsrøysting, eller på valdagen, kan du frå 1. juli til og med 9. august avtale tid med kommunen om å få røyste.

Førehandsrøysting frå 10. august

Den vanlege førehandsrøystinga skjer frå 10. august til og med fredag 8. september. Då kan du røyste i den kommunen du oppheld deg.

På sjølve valdagen må du røyste i den kommunen du budde i 30. juni i år.

Hugs alltid å ta med deg legitimasjon som td pass, norsk førarkort eller norsk bankkort med bilete. 

Publisert av Solveig Reinsli. Sist endra 19.06.2017