Granvin Skulemusikk 2017

Skulekorps.JPG - Klikk for stort bilete Til alle "gamle korpsmusikantar" - som enno er fulle av luft og vellyd:

5. - 7. klasse ved Granvin barne- og ungdomsskule får korpsundervisning ei gong for veka i samband med musikktimane i grunnskulen. Desse aktive og positive musikantane tek sikte på å spela i folketoget på 17. mai i år! Då vil Granvin herad for fyrste gong på nærare 20 år vera sjølvforsynte med taktfast korpsmusikk!

​No er det slik at korpset, som tel ca. 15 elevar, er på jakt etter forsterkingar - i fyrste omgang til 17. mai. Me har alt vore i kontakt med nokre "avdanka" musikantar, og det rår ei stor grad av optimisme, så dette har me trua på.

​Her er du velkomen om du spelar trommer, bekken, tuba, baryton, kornett eller triangel. Andre korpsinstrument er sjølvsagt òg velkomne! Dersom du ikkje har instrument, har me nokre på lager.

​Me tek sikte på å spela nasjonalsongen, i tillegg til eit par litt enkle marsjar.

​Vår eminente dirigent Thord Ivar Marøy (som òg er dirigent i Ulvik) har den musikalske leiinga, så korpset er i dei aller beste hender.

​Dersom det finst tidlegare korpsmusikantar i heradet, nyinflytte og/eller andre, som kunne tenkja seg å gjera ein dugnad på nasjonaldagen, ta kontakt med:

​Granvin Kulturskule
v/Arnstein Klovning
​Tlf.: 40 40 38 72
E-post: arnstein.klovning@granvin.kommune.no

Publisert av Heidi Herstad. Sist endra 28.02.2017