Generelt bålforbod 15. april-15. september

Bål.JPG - Klikk for stort bilete  Frå 15. april til 15. september er det ikkje lov å brenne bål i eller i nærleiken av skog og mark.

 

Generelle reglar for bål/bråtebrenning:

Det er kun tillatt å brenna reint hageavfall som kvist, lauv, gras og liknande.
Brenning må ikkje skje nærmare enn 8m frå hus eller 10m frå skog og lyngområde.
Det er ikkje tillatt å brenne i sterk vind eller i tørkeperiodar.
Det må visast hensyn til naboar.
Det må ikkje brennast etter at det er blitt mørkt.
Vatn til sløkking, hageslange eller fylte bøtter, skal være klart til bruk ved bålet.
Bålet skal ikkje være større enn at det lett kan haldast under kontroll.
Bålet skal sløkkjast forsvarlig etter at brenninga er over.
All brenning føregår på eige ansvar.

Les og artikkel frå sikkerhverdag.no; Dette må du vite før du tenner bål

Egil Holven
Brannsjef

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 20.04.2017