Gratis bygdebøker

Bygdebøker - Klikk for stort bilete  Granvin herad har eit stort antal med bøker som vert gjeven vekk, så lenge lageret rekk, mot at du hentar dei på tenestetorget, eller betalar porto og emballasje (kr 200,-). Det er 3 bind, bind 1 og 2 er Bygdesoga for Granvin, Ulvik og Eidfjord, skreve av Olav Kolltveit. Bind 3 er Bygdebok for Granvin, skreve av Henrik M. Kvalem. Ta kontakt med tenestetorget på epost postmottak@granvin.kommune.no for å avtale levering.

 Dei to første binda er utgjeve av Granvin, Ulvik og Eidfjord Bygdeboknemnd i 1977, og bind 3 av Granvin herad i 1986. Bøkene står i uopna kassar frå trykkeriet, og framstår som nye.

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 11.05.2017