Kartlegging og verdisetting av friluftsområder

kajakk, hamre - Klikk for stort bilete Kjartan Haugen

Heradsstyret vert onsdag orientert om at Granvin herad har fått tildelt midler i frå Hordaland fylkeskommune til å gjennomføre ei temakartlegging og verdisetting av friluftsområder i Granvin Herad. Personar med særskild kjennskap til heradet sine friluftsområder og som ynskjer bidra til arbeidet kan ta kontakt.

Granvin herad har fått tildelt midler i frå Hordaland fylkeskommune til å gjennomføre ei temakartlegging og verdisetting av friluftsområder i Granvin Herad, i samarbeid med Bergen og Omland Friluftsråd. Arbeidet vil gje grunnlag for vurdering av friluftslivsinteresser i kommuneplan, kommunedelplanar og reguleringsplanar. Samstundes er kartlegginga nyttig i samband med heradet si satsing på friluftsliv og merking av turløyper. Gjennom arbeidet vert det etablert viktige nettverk mellom dei ulike aktørane med interesser innan friluftsliv. Frå 2018 vil det og vere eit krav frå Miljøverndepartementet om å ha gjennomført ei slik kartlegging for å kunne søke om statleg medverknad til sikring av friluftsområder.

Sjølve kartleggingsarbeidet skal gjerast av Granvin Herad, i regi av ei arbeidsgruppe med prosjektleiar Marianne Jetmundsen frå Bergen og Omland Friluftsråd. Denne gruppa har kontakt med ei referansegruppe og vurderer relevant informasjon, kartfester areala og gjev ei skildring av dei ulike områda. Vidare skal kartdata digitaliserast og leggjast ut på nettet.

Personar med særkild kjennskap til heradets friluftlivssområder, som ynskjer å delta på arbeidsmøter eller bidra på anna vis, kan ta kontakt med prosjektleiar Marianne Jetmundsen: marianne@bof.no, tlf. 92 06 16 34 eller planleggjar Katinka Kilian: katinka.kilian@granvin.kommune.no, tlf. 40 40 38 71.

Kartlegginga er forankra i Nasjonal strategi for eit aktivt friluftsliv (2014-2020) og Nasjonal handlingsplan for statleg sikring og tilrettelegging av friluftsområder (2014-2020), og skal følge Miljødirektoratet si handbok, M98-2013.

Arkivsak om kartleggjing og verdisetting av friluftsområder

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 10.06.2017