Val 2017
Publisert 23.08.2017
Valglogo_gull_nynorsk.jpg

Laurdag 26.8 kl 10-13 vert det mogleg å førehandsrøysta på tenestetorget. Ta med deg valkort og legitimasjon.

Publisert 17.08.2017
Valglogo_gull_nynorsk.jpg

Here is a brochure that will provide you with information about what to do, if you want to vote: Important information for voters

Publisert 07.08.2017
Valglogo_gull_nynorsk.jpg

Førehandsrøystinga startar innanriks torsdag 10. august og held fram tom fredag 8. september.

Det vert høve til å førehandsrøysta på tenestetorget på heradshuset:

Dag

Dato

Opningstid

Måndag-torsdag

10.8-7.9

9-14

Fredag

8.9

9-14

Laurdag

26.8 og 2.9

10-13

NB: Hugs å ta med deg valkort og legitimasjon når du skal førehandsrøysta!

I veke 36 vil det verte høve til førehandsrøysting på Granvin sjukeheim, dato og klokkeslett vil verte annonsert seinare.

Frist for søknad om ambulerande/heimerøysting er satt til tysdag 27. august kl 15. Ta kontakt med tenestetorget for å avtale tid og stad.

Publisert 30.06.2017
Valglogo_gull_nynorsk.jpg

Dersom du ikkje har høve til å røyste på valdagen 11. september eller i førehandsrøysteperioden 10. august -  10. september, kan du tidlegrøyste 3. juli - 9. august 2017, på heradshuset i Granvin.
Måndag-Torsdag kl 9-14. Husk legitimasjon! 
Valstyret i Granvin

Publisert 19.06.2017
Valglogo_gull_nynorsk.jpg

 Dersom du ynskjer røysta i din nye kommune, må du melde flytting til Folkeregisteret før 30. juni. Du har stemmerett og er manntalsførd i den kommunen du er registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2017. Les meir: 
Valg.no

Publisert 24.02.2017
val.jpg

Stortings­ og sametingsvalet skal haldast mandag 11. september. Enkelte kommunar har og val søndag 10. september.

Alle som vert 18 år i 2017, og er norske statsborgera kan røyste ved stortingsvalet.

Det er ein føresetnad at du står oppførd i manntalet. Du står i manntalet i den kommunen der du var registrert i folkeregisteret som busett 30. juni 2017