Endringar i detaljreguleringsplanar på Stasjonsområdet og Skielva Øvre

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete Med heimel i plan- og bygningslova, vert mindre endring av dei to detaljreguleringsplanane Stasjonsområdet og Skielva Øvre, lagt fram til uttale hjå grunneigar og myndigheiter. Endringa gjeld i hovudsak endring i krav om tal bueiningar, samt mindre vesentlege rettingar i føresegn og plankart. Føremålet med endringa er å gje planane noko større fleksibilitet med tanke på dei behova ein merkar seg i bustadmarknaden.

 Saksutgreiinga og endra plandokument er tilgjengeleg her på Granvin herad si heimeside. Eventuelle spørsmål kan rettast til sakshandsamar. Saka vert handsama av formannskapet på møte 12.9.17.

Merknader og innspel må sendast Granvin herad, pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune innan 4.9.17

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 17.08.2017