Legetenesta i Granvin

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete

Frå og med måndag 14. august vert legetenesta i Granvin dekka av lege frå Voss.

 Det har ei tid vore utfordrande å halda opp ei god og tilfredsstillande legeteneste i Granvin, og tidlegare i år vende Granvin herad seg til Voss kommune med spørsmål om hjelp.

Voss kommune har no tilsett legar som gjer at kommunen har kapasitet til å yta legeteneste for innbyggjarane både i Voss og Granvin.

Dette betyr at legekontoret i Granvin vert bemanna med lege frå Voss 3 dagar i veka –måndag, tysdag og torsdag. Dei dagane det ikkje er lege ved kontoret i Granvin er det høve til å nytte same lege, men då ved Voss kommunelegekontor.  Me vonar dette vil skape ei meir føreseieleg og kontinuerleg legeteneste enn det som har vore siste tida ved Granvin legekontor.

 

Meir informasjon kan ein få av einingsleiar Magnhild Grønningsæter i Granvin herad, tlf 41471006

 
Publisert av Solveig Reinsli. Sist endra 10.08.2017