Asfaltering av kommunale vegar og plassar

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete Granvin herad har  fått beviliga ekstra løyvingar til asfaltering av kommunale vegar og plassar. Dette gjer att ein kjem over terskelverdien som gjeld for offentlege anskaffelser og etter reglane skal det  lagast anbodsdokument og lysast ut på Doffin basen  etc. Dette er ein prosess som vil ta tid og ein er då kome så langt på hausten at ein kan risikere det er for seint å leggja asfalt.

Ein er også i full gong med arbeidet for samanslåing av Voss og Granvin. Det er her bestemt at alt som ein kan samordna og gjera felles skal ein allereie gjera no (gevinstrealisering).

Voss skal asfaltere mykje til neste år og ein har vorte einige om å laga til ein rammeavtale for asfaltering som vil gjelde for Granvin og Voss saman. Dette gjer at ein vil få mykje betre prisar på asfalteringa som skal utførast, og ein får lagt meir asfalt for dei midlane som ein har.

Konsekvensen av dette er at det ikkje vil verta utført asfaltering av vegar og plassar i Granvin før til våren neste år.

Alle som har eigedommar langs strekningar der ein skal asfaltera , vil i god tid før det skal utførast få melding om dette slik at ein kan ta direkte kontakt med asfalteringsfirmaet og eventuelt bestilla asfaltering i private tun og plassar.

Teknisk Drift.

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 07.09.2017