Reportasje i japansk avis frå hardingfelekonsert/utstilling i Granvin

Hardingfele - Klikk for stort bilete 22. september var det kunstnerisk møte mellom Japan og Granvin. Det vart ei stormønstring i ungdomshuset denne kvelden med hardingfelekonsert og utstilling av hardingfeler, med mellom andre hardingfeleutøvar Emy Sakai og hardingfelemakar Keisuke Hara frå Japan. Originalartikkelen er skriven av freelancejournalisten Asaki Abumi som var tilstades på pressekonferansen og resten av arrangementet den 22. september. Artikkelen vart publisert på Yahoo! News Japan 5.oktober.  Yahoo! News Japan er den mest leste nettstaden for nyhende i Japan.

På linken kan du sjå ei omsetting av reportasjen: To uvanlige japanere som knytter Japan og Norge sammen med folkeinstrument (PDF, 2 MB)

For dei som er gode i japansk ligg den opprinnelege artikkelen her: https://news.yahoo.co.jp/byline/abumiasaki/20171005-00076552/

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 20.10.2017