Borgarleg vigsel

borgarleg vigsel.jpg - Klikk for stort bilete

Frå 1.januar 2018 har norske kommunar fått mynde til å vigsla brudepar. I Granvin herad er det ordførar Ingebjørg Winjum, varaordførar Hans Jakob Mæland, og rådmann Trude Hoflandsdal Letnes som har mynde til å vigsla.

Vigsel skal normalt skje innanfor heradet si ordinære opningstid. Seremonien kan skje i Formannskapsrommet i heradshuset, Kantina i Mælandshagen, eller Holvenstova i Bygdatunet. Det er og opna for andre ynskje.Ta kontakt med oss i god tid for å finna ut kva som er mogleg å få til. 

I ekteskapslova er det nokre vilkår som må vera på plass for at ein skal kunne gifta seg. Les meir i fylgjande lenkjer:
Retningslinjer for borgarleg vigsel (PDF, 477 kB)
Ekteskapslova 
Forskrift om kommunale vigslar

For å kunna gifta seg, må Skatteetaten sjå til at brudeparet stettar vilkåra for å inngå ekteskap. Difor må ein del dokument sendast inn og verte handsama av Skatteetaten. Sakshandsaminga tek to-tre veker, så ein må vera ute i god tid. Dokumenta som må sendast inn er:
Eigenerklæring
Forlovarerklæring
Erklæring om skifte (dersom du har vore gift før)
Melding om endring av namn (dersom du skal endre namn)

Vigslinga skjer etter standard vigselsformular i Formannsskapsrommet i heradshuset, Kantina i Mælandshagen, eller Holvenstova i Bygdatunet. Heradet har ansvar for tilrettelegging og enkel pynting av lokale. Vigsel skal normalt skje innanfor heradet si ordinære opningstid. Det kan opnast for utvida seremoni, vigsel i andre lokale, samt vigsel utanfor opningstid, men dette må avtalast med vigslaren i god tid. Dersom ein ynskjer utvida seremoni, vigsel i andre lokale, eller vigsel utanfor opningstid, vil det koma gebyr på kr.1000,-. 

Om du ynskjer borgarleg vigsel i Granvin herad, send oss ein e-post til adresse postmottak@granvin.kommune.no. I e-posten skriv du: 

  • Fullt namn, fødselsdato, og adresse til brudeparet
  • Kva dato de ynskjer å gifta dykk
  • Kven de ynskjer skal stå for vigslinga
  • Om de ynskjer seremonien i Formannskapsrommet i heradshuset, Kantina i Mælandshagen, Holvenstova i Bygdatunet, eller andre stader.  
Publisert av Marit Branstveit Kjerland. Sist endra 10.01.2018