Offentleg ettersyn - detaljreguleringsplan Nesbø

 I møte 23.01.2018 vedtok Granvin formannskap følgjande:

I medhald av plan- og bygningslova § 12-10, vert detaljreguleringsplan for Nesbø hellegneissone, plan id 12342013001, jf kart, føresegner, planomtale, ROS-analyse og andre plandokument, lagt ut til offentleg ettersyn i 6 veker i perioden 24.01.18 – 07.03.18

Saka gjeld nytt framlegg til detaljreguleringsplan for Nesbø hellegneissone, som er ein natursteinsførekomst ovanfor gardane Såkvitne og Nesbø i Øvre Granvin. Planen har tidlegare vore ute til offentleg ettersyn i perioden 24.03.15 – 11.05.15, og vart vedteken 04.01.17 av Granvin heradsstyre. Etter klage på vedtaket vart saka handsama av Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, som oppheva heradsstyrets vedtak med bakgrunn i at det har kome fram nye opplysingar i saka. Det ligg no føre reviderte planføresegn og ei revisjon av ROS-analyse for planen basert på innspela i frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane, og nye utgreiingar/ fagrapportar. Endringane i plandokumenta gjeld tre forhold:

  • Det planlagde tiltakets verknad på flaggermus
  • Effekt av reinsepark
  • Fare for ras, utglidingar eller påverknad av grunntilhøva i dalbotn ved Spildo

Saksutgreiing, reviderte plandokument og nye rapportar er tilgjengeleg på tenestetorget og her på heimesida.

Epost med einslydande brev er sendt høyringsinstansane. Ta kontakt for ettersending av dokument som elektroniske vedlegg eller på papir.

Merknader og innspel må sendast Granvin herad, Pb 13, 5733 Granvin eller postmottak@granvin.kommune.no innan 07.03.18. Eventuelle spørsmål kan rettast til teknisk etat – planavdelinga.

 
Publisert av Marit Branstveit Kjerland. Sist endra 24.01.2018