Lokaldemokratiundersøking

Voss herad 2020 - Klikk for stort bilete Fellesnemnda Voss herad 2020 har vedtatt å gjennomføre lokaldemokratiundersøking for Granvin herad og for Voss kommune. Ein del av denne undersøkinga er ei undersøking for dei folkevalde. Denne skal gjennomførast i Granvin på heradstyremøte 2.5 og på kommunestyremøte på Voss 24.05.18. Dette vert gjennomført av KS. Samstundes vert det gjennomført ein innbyggjardel. Her vil Opinion ringje innbyggjarane i dei to kommunane. Dette vil føregå i omtrent same tidsrom.

I samband med kommunesamanslåinga av Granvin herad og Voss kommune vil det vere av interesse å kartleggje innbyggjarane sine meiningar om sentrale sider ved situasjonen i eigen kommune og utviklinga av denne fram til etablering og drift av Voss herad 2020. 

Du kan lese saksutgreiing og vedtak, spørsmåla som politikarane og innbyggjarane vert stilt,samt informasjon frå KS her: 5/18 - Lokaldemokratiundersøking Voss herad 2020

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 19.03.2018