1,4 milliardar kroner til frivillige

Lotteri- og stiftelsestilsynet - Klikk for stort bilete Lotteri- og stiftelsestilsynet skal i 2018 fordele 1,4 milliardar kroner i momskompensasjon til frivillige lag og organisasjonar. Pengane skal kompensere for kostnadar som frivillige organisasjonar har hatt til meirverdiavgift i 2017.I fjor fekk over 23.000 frivillige organisasjonar momskompensasjon.

Frist for å søkje til Lotteri- og stiftelsestilsynet er 1.september 2018. Du kan lese meir om momskompensasjon til frivillige organisasjonar på nettstaden til tilsynet. Der finn du også søknadsskjema.

Publisert av Marit Branstveit Kjerland. Sist endra 12.06.2018