Alle barn og unge skal ha det trygt og godt i barnehagen og på skulen!

Bilete av mobbeombodet.JPG - Klikk for stort bilete Alle barn og unge har rett til eit trygt og godt barnehage- og skulemiljø. Frå august 2018 er mobbeombodet i Hordaland eit tilbod til alle barn og unge (og deira foreldre) som opplever å ikkje ha det bra i barnehagen eller på skulen. 

Snapkode mobbeombodet (002).JPG - Klikk for stort bilete  Mobbeombodet i Hordaland heiter Mari-Kristine Morberg. Ho rettleiar i saker som handlar om psykososialt miljø, barnets rettar og korleis du kan gå fram om du ikkje har det bra. Alle kan ta kontakt med mobbeombodet, til dømes på telefon (404 01 557) eller e-post (mobbeombod@hfk.no). Du kan fylgje ombodet på Snapchat (mobbeombod) eller Facebook (www.facebook.com/mobbeombodet). 

Du kan lese meir om ombodet og kva ho kan hjelpe deg med på www.hordaland.no/mobbeombod

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 10.08.2018