Redusert foreldrebetaling

Redusert foreldrebetaling  - Klikk for stort bilete Ingen hushaldningar skal betale meir enn 6% av inntekta si for ein barnehageplass. Frå 1.august 2018 er grensa for å få redusert foreldrebetaling for barnehageplass sett til årsinntekt som er lågare enn kr 533.500. Dei hushaldningar som til saman har årsinntekt under denne grensa, vil vera berettiga til å få redusert foreldrebetaling. Alle 3-, 4- og 5-åringar, og barn med utsett skulestart, som bur i husholdningar med inntekt under denne grensa, vil også ha rett til å få 20 timar gratis oppholdstid i barnehage per veke. Meir om foreldrebetaling finn du her.

Søknadsskjema finn du under Tueteigen barnehage.

Publisert av Marit Branstveit Kjerland. Sist endra 22.08.2018