Open dag på brannstasjonen

Open dag på brannstasjonen.jpg - Klikk for stort bilete Granvin brannvern ynskjer velkomen til open dag på brannstasjonen laurdag 22.september, kl. 11:00-13:00. Her vil du møta trivlelege brannkonstablar som vil visa både små og store korleis det er å vera deltidstilsett i eit kommunalt brannvern. 

Det vil vera ulike aktivitetar - som spørsmål om branntryggleik, bruk av brannslange og køyring med brannbil. Det er fine premiar for dei minste.

Alle er velkomne!

Helsing Brannsjefen

Publisert av Marit Branstveit Kjerland. Sist endra 11.09.2018