Pårørandeskule for pårørande til personar med demens

Pårørandeskule på Voss - Klikk for stort bilete Granvin herad og Voss kommune inviterar pårørande til kurs. Er du pårørande til nokon med demens? Då er dette eit tilbod for deg! 

For påmelding ta kontakt på tlf. 41704912 kvardagar kl. 08:00-15:00.
Bindande påmelding innan tysdag 24.september.

Kurset vil over fem kveldar halda stad på Voss sjukeheim, 1.etg. Dagavdelinga. Fyrste kurskveld er torsdag 27.september kl. 18:00-20:30. Ansvarlege er helsepersonell ved Utredningseininga ved Voss sjukeheim og eksterne førelesarar. Kurset kostar kr. 300 pr. person.

Kurskveldane vil ha temaene:
Kva er demens?
Kommunikasjon med personar som har demens
Lover og rettigheiter
Ein pårørande si historie
Musikk og aktivitet for personar med demenssjukdom.

For påmelding ta kontakt på tlf. 41704912 kvardagar kl. 08:00-15:00.
Bindande påmelding innan tysdag 24.september.

Les meir om kurset her (PDF, 294 kB).

Publisert av Marit Branstveit Kjerland. Sist endra 14.09.2018