Granvin 2020 - Frå kommune til bygd

Logo Granvin 2020: Frå kommune til bygd - Klikk for stort bilete

 

 

I prosjektet "Granvin 2020 - Frå kommune til bygd" skal ein arbeida for å sikra livskvalitet og eit levedyktig lokalsamfunn etter kommunesamanslåinga i 2020. Kva for kvalitetar finst det i bygda, kva for moglegheiter ligg det her og korleis kan me framover stimulera til aktivitet og vekst for bygda? 

Prosjektet Granvin 2020 tok til 1. oktober 2018 og skal avsluttast i februar 2019.

Saman med prosjektleiar skal ei ressursgruppe arbeida fram mål og tiltak for Granvin i nye Voss herad. Dette arbeidet vil også danna grunnlag for vedtektene til eit bygdeutviklingsfond for Granvin.Ressursgruppa er sett saman av:

• To politikarar peika ut av heradsstyret 
• Leiar av ungdomsrådet 
• Leiar av eldrerådet 
• Eide grannelag 
• Leiar i idrettslaget  
• Leiar av Bondelaget 
• Ein representant frå Granvin barne- og ungdomsskule.  
• Ein representant frå Distriktssenteret (Kompetansesenter for distriktsutvikling
 
Andre lag og organsisasjonar vil også verta inviterte til å delta i prosjektet.
 
Har du lyst til å bidra? Har du spørsmål eller innspel? Ta kontakt med prosjektleiar Tina Kjerland på  tlf. 90889930 eller e-post: tina.kjerland@granvin.kommune.no
 
Publisert av Mari Mæland. Sist endra 01.11.2018