Invitasjon til innføring i Friskus

Friskus.JPG - Klikk for stort bilete Me ynskjer på ny å invitera frivillige lag og organisasjonar til innføring i Friskus tysdag 27.november kl. 18:00-20:00 på gamle yrkesskulebygget. Innføringa vil bli halden av Granvin sin kontaktperson i Friskus, Ingrid Hevrøy Rabben. Det blir lett matservering 

Gå gjerne inn på forhånd og lag deg ein brukar på: www.granvin.friskus.com.

For å kunne lage aktivitet og oppdrag er det lurt å ta med datamaskin. Lag og organisasjonar som ikkje har fått brukar og gruppe, men som ynskjer å vera med, kan ta kontakt med Siri Stuve Elvatun på e-post: siri.stuve@granvin.kommune.no.

Friskus er eit digitalt verktøy for frivillige lag og organisasjonar. Det digitale verktøyet er ein enkel kalendar som viser aktivitet og frivillige oppdrag.

Publisert av Marit Branstveit Kjerland. Sist endra 06.11.2018