Granvin herad gratulerer Knut Hamre

Kommandøren Knut Hamre.jpg - Klikk for stort bilete

Granvin herad gratulerer Knut Hamre med utgjevinga av "Slåttar frå Granvin"! Med dette har hardingfelespelar Knut Hamre gjeve ut eit heilt verk. Gjennom mange år har han samla, og sidan spelt inn 4 CD-ar med 97 hardingfeleslåttar som på ulike måtar er knytte til Granvin

slåttar frå granvin.jpg - Klikk for stort bilete

 Dette er slåttar som enten er komponerte av felespelarar frå Granvin, eller som er adopterte frå spelemenn som gjennom tidene har vore på vitjing eller vore busette i bygda over kortare tid. Fleire av desse slåttane finn ein ikkje andre stader i landet, dei har "overlevd" berre i Granvin.

Arbeidet Knut har gjort her er eit omfattande dokumentasjonsarbeid som er svært viktig for ettertida, også fordi ein del av dette materialet er det i dag berre han som kan. 

Ein viktig del av utgjevinga er boka Benedicte Maurseth har skrive, der ho på ein enkel måte fortel om hardingfeletradisjonane i Granvin, og gjev biografiske skildringar av nokon av Granvin sine mest kjende spelemenn. Boka inneheld også dikt av Ruth Lillegraven, som er inspirerte av bygda og folkemusikken.

Dette er ei heilt særeigen utgjeving som viser kva for stolte tradisjonar Granvin har innan folkemusikken.

Publisert av Ingebjørg Winjum. Sist endra 04.12.2018