Personvernombod

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete  Alle offentlege verksemder som handsamar personopplysingar pliktar å utpeike eit personvernombod jf Personvernforordninga artikkel 37 nr 1. a)

Granvin herad kjøper personvernombodstenesta frå Bergen kommune, Tollef Erstad.

Personvernombodet si hovudoppgåve er å informera og gje råd om pliktene Granvin herad har etter personvernlovgjevinga til handsamingsansvarleg eller datahandsamar, og til tilsette som handsamar personopplysningar på vegne av Granvin herad.

Dersom du har spørsmål om korleis dine personopplysningar vert handsama av Granvin herad, eller har andre spørsmål knytt til utøving av dine rettar etter personopplysningslova, kan du kontakte personvernombodet eller kontaktperson i Granvin herad.

Personvernombod Bergen kommune:
Tollef Erstad
personvernombud@bergen.kommune.no

Telefon: 55 56 96 96

Kontaktperson personopplysningslova Granvin herad:
Mari Mæland
mari.meland@granvin.kommune.no
Telefon: 413 15 839

Du finn meir opplysingar om personvernombod på Datatilsynet sine nettsider og Bergen kommune si side om personvernombod 

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 05.02.2019