Verdenspremiere på Hamre i Granvin

Håstadbø.JPG - Klikk for stort bilete

Laurdag 25. mai vert det verdenspremiere på «Spel slåtten min, Olav» på Hamre i Granvin.

 Det er meisterspelemann Knut Hamre og journalist Nils-Erik Kvamme som står bak produksjonen om spelemannen Olav Håstabø som levde frå 1822 til 1899. Han var Hardanger sin meisterspelemann og felespelarer både frå aust og vest reiste til Hamre for å lære av denne smålåtne karen som «snakka gjennom fela» som Bergens Tidende skreiv i nekrologen.

Tanken om ein slik oppsetning har Knut og Nils-Erik hatt i 30 år. No er den endeleg klar og takka vere gode hjelpesmenn i Granvin herad og på Hamre, vert det urpremiere på Hamre laurdag 25. mai klokka 18.00.

Set av kvelden!  

Publisert av Amalie Tykhelle Vik. Sist endra 13.03.2019