Ledig stilling som helsefagarbeidar i Granvin

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete Granvin herad har ledig 100 % fast stilling som helsefagarbeidar frå 01.06.2019.

Pleie og omsorgstenesta i Granvin har samordna tenester med base på sjukeheimen. Som tilsett i pleie og omsorg kan ein ha oppgåver både i heimetenesta og på institusjon. Det er difor ønskjeleg med førarkort.

Me arbeidar i tre delt turnus og me  har eit godt tverrfagleg samarbeid.

Krav til kompetanse:

Må ha helsefagleg utdanning.

Vi legg vekt på:
- Personlege eigenskaper
- Positiv haldning til endring- og utviklingsarbeid
- Fleksibilitet og sjølvstende
- Gode samarbeidsevner og lojalitet til organisasjonen

Aktuelle søkjarar blir kalla inn til intervju.

For meir informasjon om stillinga ta kontakt med avdelingsleiar i pleie og omsorg, Grete Kari Ljones tlf 40 40 38 78


Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjar kan bli gjort offentlege (jf.off.lova § 25) Tilsetjing etter gjeldande lov og avtaleverk.

Søknadsfrist 20.04.2019

Søknaden sender du til Granvin herad, pb. 13, 5733 Granvin eller e-post: postmottak@granvin.kommune.no

Publisert av Amalie Tykhelle Vik. Sist endra 12.04.2019