Informasjon om kongebesøket 19. juni

Kongeparet.jpg - Klikk for stort bilete Onsdag 19. juni kl 10 kjem kongeparet til Granvin, og me håpar alle kler seg i finstasen og deltek på folkefesten i Bygdatunet. Kongeparet er oppteken av å møta menneskjer, og det er difor lagt opp til at dei skal vera nær publikum heile tida.

Granvin herad hadde eit såkalla «fortroppsbesøk» 3. mai, der representantar frå hoffet, kongeskipet, fylkesmannen, tryggleikstenesta og politiet møtte representantar frå Granvin herad og gjekk gjennom dei førebelse planane for besøket 19. juni.

Me fekk positive tilbakemeldingar på rammene som er lagt for besøket, og viktige tilbakemeldingar for vidare detaljplanlegging.

Besøket vert organisert slik at det er kongeparet sitt møte med folket som vil ha hovudfokus. Dei kjem i land på den nye gjestebryggja på Eide kl 10.02, og ynskt velkomen av blomsterbarn, havnesjef og ordførar. Vidare vil dei verte køyrt i bil bak Coop, der dei vil helsa på representantar for lag og organisasjonar i bygda. Kongeparet vil så gå ned i Bygdatunet, der det er laga til sitjeplassar for dei i enden av hestehuset. Frå ca kl 10.30 vert det ein halvtimes program frå scena. Publikum får plass på gras-sletta i Bygdatunet, og vil ha god sikt til både kongeparet og kulturinnslaga.

Me ynskjer at denne historiske hendinga skal verte ein folkefest for gravensarane, og vonar me får synt fram Granvin frå si beste side denne dagen. Det er hyggjeleg med båtliv på fjorden når kongeskipet kjem og reiser, og me oppmodar folk om å flagge.

Det vert parkering på grusplassen på Eide, og frå der er det lett tilgjenge både til kai-området og til gras-sletta ved bygdatunet, slik at dei som ynskjer kan få med seg både ankomst i hamna og programmet frå scenen.

Etter at kongeparet går i bilen bak Coop kl 11.20 vonar me folk vil ta seg tida til å fortsetje festen. Coop serverer kake, kaffi og frukt, Larsastova vil selja grillmat, og kulturskulen underheld frå scenen.

Det er eit tettpakka program frå Kongeparet kjem til avreise, og alle tidpunkt er ikkje heilt klare. Under er eit grovskissa program for dagen

Klokkeslett:

Kva skjer:

9:55

Sjaluppane forlet Kongeskipet

10:00

Ankomst gjestebryggja

 

Velkomst av blomsterbarn, hamnesjef, ordførar, politimester

 

Kongeparet vert skyssa i bil til baksida av Coop

 

Kongeparet helsar på representantar frå lag og organisasjonar

10:30

Kongeparet går ned til Bygdatunet og set seg på plassar ved hestahuset

 

Program frå scenen

11:15

Kongeparet vitjar Havaas-samlinga

 

Kongeparet går tilbake i bilen og vert køyrt til kaien

11:30

Kongeparet er om bord i Kongeskipet og avreise frå Granvin

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 06.06.2019