Skabbrev i Granvin

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete  Me er kontakta angåande skabbrev observert i Granvin.

Viser til Miljødirektoratet sine heimesider der det står at sjukt eller skada småvilt (unnateke rovfugl) kan avlivast av kven som helst forutsett at det kan gjerast på ein human måte.

Dersom du mistenkjer at husdyret/kjæledyret ditt har vore i kontakt med skabbrev, ta kontakt med dyrlege.

Om du ser ein skabbrev rår me deg til å snarast ta kontakt med ein jeger som kan avliva den, eller ta kontakt med viltansvarleg Thomas Sjøflot på tlf. 40403873.

Publisert av Marit Branstveit Kjerland. Sist endra 17.06.2019