Funn av sjuke/skadde eller daude husdyr

Storfe_003_E30_Flagg_jpg.jpg (1000x750).jpg - Klikk for stort bilete  Viss du finn eit sjukt/skadd eller daudt husdyr bør eigaren varslas snarast. Dei fleste husdyr av småfe og storfe har øyremerker med eit nummer. Dei er merka med bokstavane MT-NO og eit nummer på framsida. På baksida av øyremerket finn du ofte namnet og nummeret til eigaren.

 Det er fint om du kan sjekka øyremerket og varsla eigaren direkte. Du kan og ta bilete som tydeleg visar nummeret på øyremerket (helst og namnet på baksida) og senda til landbrukssjef Thomas Sjøflot på tlf. 40 40 38 73. Han må få vita kvar dyret er funne - så nøyaktig som mogeleg.

Viss dyret er teke av rovdyr er det avgjerande for eigar å varsla rovviltkontakten så raskt som mogeleg, for å få dette dokumentert av omsyn til erstatning. Det er då ein stor fordel å ha GPS- koordinatar på funnet. Det vil i alle høve vera ein fordel om funnet er merka med noko som er lett å sjå i terrenget, som til dømes ein plastpose knytt i ein kjepp.

Rovviltkontakt for Hardanger med omland er Harald Normann Andersen tlf: 90 21 36 85.

Publisert av Amalie Tykhelle Vik. Sist endra 01.07.2019