Parkering ved heradshuset

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete Det vert ikkje lenger høve til å parkere ved heradshuset eller legekontoret. Besøkjande må finne anna parkering, td. ved Coop, stasjonsområdet eller på nedsida av sjukeheimen. Drosje og ambulanse har høve til å setje av/ta på pasientar ved legekontoret. Parkeringsplassane ved Nimælingen er atterhaldt bebuarane der.

På grunn av stort barnetal er det frå hausten av ikkje plass til alle ungane i Tueteigen barnehage, og ei gruppe på 22 born ha tilhaldsstad i dei gamle ambulanse-lokala i kjellaren i heradshuset, medan ein ventar på ny barnehage. 

I morgon 3. juli startar arbeidet med å tilretteleggje for den nye avdelinga. Parkeringsplassen framfor heradshuset skal verte leikeplass, og gjerdast inn. 

Den nye avdelinga startar opp 16. august, og foreldre skal kunne parkere på oppsida av sjukeheimen ved levering og henting av borna. Dei tilsette på heradshuset og barnehageavdelinga må parkere mellom Coop og Kulturbanken.

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 02.07.2019