Informasjon iht parkering når du skal på heradshuset.

Bakgrunn: Det skal etablerast barnehage i kjellaren på heradshuset. Dette er ei midlertidig løysing fram til ny barnehage er bygd. Det vert frå 03.07.19 endring av bruk av dagens parkeringsplass og inn- og utkjørsel til fylkesveg 7. Dagens parkeringsplass skal bli leikeplass for ei midlertidig barnehageavdeling.

Mål: Tilkomst og ferdsel ved barnehagen skal vera trygg.

Tiltak: Parkeringsplassen ved ladestasjonen for el-bilar vert frå 16.08.19 reservert til foreldre/føresette som skal hente og levera barna sine i barnehagen si opningstid (kl. 07.00-16.30).

Tilsette ved heradshuset, tilsette i barnehagen og besøkande må parkera ved Coop marked, evt andre oppmerka parkeringsplassar.

Det vert høve for drosje/ambulanse å sleppe av/ta på passasjerar ved inngangen til legekontoret. Parkeringsplassane framfor Nimælingen er reservert for bebuarane der.

Tilsette ved sjukeheimen må parkera på nedsida av sjukeheimen i perioden barnehagen er på heradshuset.

Lukking av port: Alle som opnar porten må lukka den igjen.

Køyr sakte: Oppmodar alle om å vera ekstra merksame når de passerer fylkesveg 7 forbi barnehagen og halde fartsgrensa.

 

Publisert av Ingunn Mo. Sist endra 04.07.2019