Granvin - eige herad 1891 - 2019

Kopp og klistremerke.jpg - Klikk for stort bilete Granvin herad-koppen har vore populær det siste året, mange ynskjer ha eit minne med heradsvåpenet på. No har me fått inn eit parti med nye koppar, og klebemerker, som me sel til dei som ynskjer eit minne. Du kan kjøpa det på tenestetorget for kr 60,-.
 

Du kan betale kontant eller med Vipps (#500219 - Granvin kommune) når du handlar på tenestetorget.

Koppen er i kvitt porselen, og har god kvalitet. Den er 11 cm høg, og rommar ca 2,5 dl. Trykket er av god kvalitet, og tåler vask i maskin. Granvin herad har nytta koppane frå Hardanger Silketrykk i åravis, og er veldig nøgd med kvaliteten.

Plakat - kopp og merke (DOCX, 201 kB)

Publisert av Mari Mæland. Sist endra 12.07.2019