Stopp. Tenk. Sjekk. Ein kampanje om korleis du kan stoppe spreiinga av falske nyheiter

stopptenksjekk.png - Klikk for stort bilete  «Falske nyheiter» er eit omgrep som ofte vert brukt om nyheitslignande saker som framstår som ekte, men som heilt eller delvis er basert på løgn, eller som har utelatt informasjon for å skapa ei bestemt vridning.

Ofte er det ein bevisst hensikt bak denne forma for falsk informasjon. Hensikta kan vera å tjena pengar, svindla deg, påverka dine politiske meiningar, polarisera debattar eller skapa forvirring i ei befolkning. «Falske nyheiter» ser ofte ut som ekte nyheiter og kan vera vanskelege å oppdaga.
 

Gå inn på medietilsynet og finn ut meir om korleis du kan avsløre falske nyheiter. Eller ta testen for å sjå om du klarar å kjenne att ei falsk nyheit.

Publisert av Amalie Tykhelle Vik. Sist endra 28.08.2019