1. oktober er siste frist for å søke tilskot til utsiktsrydding

Kommunevåpen - Klikk for stort bilete  Tilskot til utsiktsrydding vert avvikla ved nyttår. Det står att om lag 1 mill. kroner til fordeling til føretak i Hordaland og Sogn og Fjordane. Innsendingsfristen til Fylkesmannen er 1. oktober, og søknader med beiting etter utført rydding vil bli prioriterte.

Nye søknader må vere innkomne til Fylkesmannen innan 1.oktober. Søknadane skal stilast til Fylkesmannen, men sendast til kommunen.

Meir informasjon og søknadskjema finn du her

Tilskot til utsiktsrydding gjeld rydding av areal langs veg eller sti som er open for ålmenta der ryddinga vil gje auka utsikt frå vegen eller stien til landbruket sitt kulturlandskap. Søkar må ha organisasjonsnummer, vere grunneigar eller ha grunneigarløyve for å kunne søke.

I Jordbruksforhandlingane 2019 blei det bestemt at tilskot til utsiktsrydding skal avviklast som tilskotsordning ved nyttår. Dette inneber at:

  • Det ikkje kan løyvast midlar til nye prosjekt innan utsiktsrydding etter nyttår
  • Prosjekt som har arbeidsfrist i 2020 eller seinare får halde fram og kan ferdigstillast innan arbeidsfrist fastsett i løyvingsbrev, og dei har også mogelegheit til å søke om eitt års forlenging i høve til arbeidsfrist fastsett i løyvingsbrev
  • Restmidlar i fylkesrammene vil bli inndrege av Landbruksdirektoratet ved nyttår
  • Restmidlar i prosjekt med utgått arbeidsfrist vil bli inndrege av Landbruksdirektoratet ved nyttår dersom prosjekta då ikkje er avslutta og dei heller ikkje har søkt om og fått utsett arbeidsfrist. For at arbeidsfristen skal kunne utsetjast må det vere mindre enn 3 år sidan dateringa i løyvingsbrevet, då det kan maksimalt kan gjevast 3 års arbeidsfrist.

Nye søknader må vere innkomne til Fylkesmannen innan 1.oktober. Søknadane skal stilast til Fylkesmannen, men sendast til kommunen.

Landbruksdirektoratet har gjeve Fylkesmannen mogelegheit til å slå saman rammene for Sogn og Fjordane og Hordaland der det til saman er att ca 1 mill kr når innkomne søknader er handsama. Desse restmidlane vert difor frå og med 1. september samla i ein felles pott, og søknadane vil bli handsama i den rekkefølga dei kjem inn til Fylkesmannen. Regelverket er uendra, men søknader der arealet skal beitast i etterkant av utført rydding vil bli prioriterte, jf. retningslinjene om kriterium for prioritering av søknader.

Kombiner beiterydding og utsiktsrydding

I mange tilfelle kan utsiktsrydding vere heilt eller delvis samanfallande med rydding av beite, så sant beitet ligg langs ein veg som er open for allmenn ferdsel. Sogn og Fjordane har hatt veldig mange søknader av denne typen, medan det har vore lite av det i Hordaland. Dersom arealet som skal ryddast skal nyttast til beite etter rydding, er kravet til utsikt til jordbruksareal oppfylt; utsikt til innmarksbeite i drift. Det er derimot berre den delen av beitet som ein kan sjå frå vegen eller stien som ein kan søke om utsiktsryddingsmidlar til, men til ryddinga av resten av beitet kan ein vurdere å søke om SMIL-midlar. For den delen av beitet som gjev auka utsikt frå vegen, og som vert godkjent som utsiktsrydding, vert det mange gevinstar å hente:

  • Inntil 70% finansiering av ryddearbeidet
  • Virket kan nyttast som ved/bioenergi til eige bruk eller sal
  • Meir beite/større beiteareal
  • Auka arealtilskot viss tiltaket er nyetablering av beite
  • Auka arealtilskot viss tiltaket gjev omklassifisering av rydda areal frå skog til beite
  • Betre beitekvalitet på grunn av auka solinnstråling til botnvegetasjonen
  • Betre utsikt til jordbruket sitt kulturlandskap for ålmenta

Søknadsskjema og nærare informasjon

Søknadsskjema, nærare informasjon, rettleiing til utfylling av søknadsskjema og forskrift ligg samla på nettartikkelen 

Tilskot til utsiktsrydding.

Publisert av Amalie Tykhelle Vik. Sist endra 03.09.2019