TUETEIGEN BARNEHAGE

Tueteigen barnehage er i utvikling. Høge søkjartal har medført nytenking og oppretting av ei fjerde avdeling og ei utegruppe. Barnehagen har mykje spanande framføre seg med bygging av ny barnehage og samanslåing med Voss til Voss herad frå 01.01.20. Frå 01.08.19 skal barnehagane i Voss og Granvin ha felles vedtekter.

Fram til no har barnehagen vore ein 3 avdelings barnehage. Barnetalet i Granvin er aukande og medfører utviding av barnehagen. Hausten 2019 startar det ei fjerde avdeling i kjellaren på heradshuset i Granvin med 22 plassar. På bakgrunn av etterspørsel frå foreldre tilbyr barnehagen frå august 2019 utegruppa for barn som er født i 2014 og 2015. Det er 17 tilsette i barnehagen inkludert styrar.

Ny avdeling: 3, 4 og 5 åringar
Toppen: 2 og 3 åringar
Midten: 1 og 2 åringar
Kjellaren: 1 og 2 åringar

Satsingsområde i 2019 - 2020 er livsmeistring og helse. Leik og barns medverknad har ein sentral plass i barnehagekvardagen. Tema dei tilsette skal jobba med framover er bl.a barn er ikkje vanskeleg, dei kan ha det vanskeleg og samtale med barn. 

Opningstid: Kl. 07.00 - 16.30

Opning av den nye avdelinga på heradshuset er fredag 16. august.

Søk barnehageplass: http://www.granvin.kommune.no/Handlers/fh.ashx?MId1=26&FilId=2446

Tueteigen barnehage:
Tueteigen barnehage:
Ingunn Mo, Einingsleiar og styrar99738755
Toppen40728384
Midten40728526
Kjellaren40728421
Fjell (utegr.)48162247
Fjord48162249
Sist endra 08.08.2019