Ledig 80 % vikariat som lærar/spesialpedagog ved Granvin barne- og ungdomsskule

skulen.jpg - Klikk for stort bilete  Ynskjer du eit godt arbeidsmiljø med inkluderande kollegaer, godt miljø for fagleg utvikling, og ein arbeidsstad som er framtidsretta og godt rusta til fagfornyinga?

Granvin barne- og ungdomsskule har ledig 80 % vikariat som lærar/spesielpedagog frå 01.12.2019 og fram til 31.07.2020.

Om arbeidsstaden:

Granvin barne- og ungdomsskule har kring 90 elevar og 20 tilsette. Skulen sin visjon er Alle med - gjennom læring og trivsel; i fellesskap. Me har implementert Leselos, 30 minutt fysisk aktivitet for alle kvar dag og har heilt ny sløydsal med moderne utstyr. Skulen satsar på å vera langt framme digitalt og godt rusta for fagfornyinga. Alle elevar har iPad/PC og klasseromma har digitale tavler.

Granvin herad vil i lag med Voss kommune gå saman til nye Voss herad frå 1.1.2020.

Arbeidsoppgåver:

  • Spesialundervisning på ulike trinn
  • Tett oppfølging av elevar og lærarar
  • Undervisa i klassar og i mindre grupper

Kvalifikasjonar:

  • Godkjent pedagogisk allmennlærarutdanning
  • Spesialpedagogisk kompetanse og/eller erfaring er ein fordel
  • Godkjent kompetanse innan basisfaga (norsk, matematikk, engelsk)
  • God kompetanse innan klasseleiing
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Me tilbyr:

  • Eit godt arbeidsmiljø med inkluderande kollegaer.
  • Godt miljø for fagleg utvikling.
  • Ein arbeidsstad som er framtidsretta og godt rusta til fagfornyinga.

Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår med løn etter gjeldande avtaleverk. Det er krav om gyldig politiattest ved tilsetjing.

Spørsmål til stillingane kan rettast til einingsleiar Siri Kaale på tlf. 954 76 664.

Søknadsfrist 21. oktober 2019.

Send søknad med CV på e-post til postmottak@granvin.kommune.no eller til Granvin herad, postboks 13, 5733 Granvin

Publisert av Amalie Tykhelle Vik. Sist endra 09.10.2019